På jakt etter bilete til jubileumsbok

Hareid IL skal markere 100 årsdagen med jubileumsbok. No treng dei hjelp med å sikre seg bilete.

Jaktar bilete: Hareid IL vil ha inn historiske bilete frå aktiviteten i idrettslaget. 

Sport

«For å kunne lage ei så god bok som mogleg trengst det eit stort tilfang av bilete. Og det gjeld alle idrettar eller eventuelle side-aktivitetar idrettslaget har drive med».

Det skriv arbeidsgruppa som jobbar med jubileumsboka i eit innlegg på Hareid IL sine facebooksider.

Difor ber dei folk om å sjå gjennom fotoalbum og datamaskiner for å finne bilete frå idrettslaget si historie.

«Alt er av interesse. Det kan vere handball frå 60-talet, fotball frå 70-talet, turn frå 80-talet, friidrett frå 90-talet eller kva som helst. Og både actionbilete, lagbilete og portrett er av interesse. Det treng ikkje om å vere meir avansert enn at det er ein gjeng som sit og kosar seg på ferja på veg til ein bortekamp – eller det kan vere ein gjeng som kosar seg på Alskleiva etter ein av idrettslaget sine turar dit. Eller det kan vere eit surt ansikt etter eit tap», skriv gruppa.

Leiv Arne Grimstad har fått med seg Olav Sindre Rise, Einar Orten Trovåg og Hans Gisle Holstad i redaksjonskomiteen og det er også desse som er kontaktpersonar