Hareid satsar mot 4.-divisjon

Det blei aldri seniorfotball i Hareid i 2020, men i år håpar ein på å få i gang damelaget igjen. Planen er å stille i 4.-divisjon, men laget ønskjer å få med seg fleire spelarar. |  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes/Arkiv

Sport

Det blei aldri noko av fjorårets sesong i seniorklassane i breiddefotballen. Håpet er at 2021 skal verte betre og no varslar Hareid IL Fotball at dei igjen vil prøve å få på beina eit damelag til den komande sesongen.

Både i 2018 og 2019 spelte Hareid-damene i 3.-divisjon, men i år er planen at laget stiller i 4.-divisjon.

Trenar Bård Grimstad fortel at laget har klart seg greitt i 3.-divisjon, men at grunna få spelarar så har ein valt å ikkje halde på plassen i 3.-divisjon.

På Hareid IL si facebookside har laget lagt ut eit innlegg der dei håpar å få med fleire spelarar. Der skriv Hareid IL at ein har 11 "sikre" spelarar, men at ein gjerne skulle hatt 4–5 til for å kunne stille eit 11ar-lag.

– Vi håpar å få med både nye og meir rutinerte for ny giv i 4.-divisjon. Litt mindre ambisiøst, men like moro, slår Bård Grimstad fast og legg til at laget har plass til alle.