– Det var på tide med ei ny utfordring

Jann Julian Benjaminsen vart henta til Hødd frå NSÍ Runavik på Færøyane.  

Sport

Hødd har sett vestover i Nordsjøen for å finne ei av årets nysigneringar. Jann Julian Benjaminsen vart henta frå NSÍ Runavik på Færøyane, men ein skulle nesten tru 23-åringen allereie hadde fleire år bak seg i Norge. Benjaminsen har nemleg eit svært god tak på det norske språket, noko han mellom anna forklarar med at han var lagkamerat med Peder Nersveen, ein annan ny Hødd-spelar, i 2019.