Avlyser elitestemne i Ulsteinhallen

Årets utgåve av Karsten Warholm International er avlyst. Det melder arrangørane i ei pressemelding.  

Sport

Team Warholm ser seg nøydde til å avlyse årets utgåve av Karsten Warholm International. Det går fram av ei pressemelding fredag. Elitestemnet skulle blitt arrangert for tredje gong i år, men vart utsett som følgje av koronasituasjonen. No er det klart at årets stemne ikkje kan gjennomførast.