– Eg har storkost meg

22-åringen Oskar Johannes Løken signerte for Hødd 23. desember. No har han lagt bak seg sine første veker på treningsfeltet med Hødd.  

Sport

Oskar Johannes Løken vart Hødd si julegåve til supporterane då han vart presentert som klubben sin nye spelar 23. desember. No har 22-åringen hatt sine første veker med nye lagkameratar på Høddvoll og 98-modellen ser ut til å ha funne seg godt til rette.