Usikkert når laget får spele årets første treningskamp:

Ny utsetting for Hødd

Tysdag skulle Hødd ha spelt sesongens andre treningskamp, men laget må framleis vente før dei får teste vinterforma.

Må vente: Hødd er godt i gang med treningane, men må framleis vente på årets første treningskamp. To kampar mot AaFK er allereie avlyste og det er ikkje aktuelt med nye kampar før tidlegast 17. februar. 

Sport

Årets oppkøyring skulle ta til med to treningskampar mot 1.-divisjonslaget AaFK, men først vart kampen torsdag avlyst og seinare vart det klart at også tysdagens kamp går ut. Det er dermed uklart når ein får første sjansen til å sjå Kevin Knappen sitt mannskap denne vinteren.