Hødd må på keeperjakt

Ole Monrad Alme var maks uheldig og rauk akillesen under Hødd si tysdagstrening.

Ole Monrad Alme vart skadd mot slutten av Hødd si trening tysdag. No går keeperen truleg glipp av heile 2021-sesongen med ei avriven akillessene. Biletet vart tatt tidlegare i treninga.  

Sport

Kort tid før Hødd skulle avslutte si trening i Ulsmohallen tysdag gjekk det gale for keeper Ole Monrad Alme. Han skulle berre ut for å ta hand om ein ball i feltet då det small og keeperen gjekk i bakken med eit smertebrøl.