Tilbake etter brot i foten

Men Joakim Wrele må framleis trene smart for å unngå å slå opp att skaden frå sesongavslutninga.

Joakim Wrele er tilbake i trening saman med lagkameratane, men må enn så lenge vere litt forsiktig etter eit brot på utsida av eine fotbladet.  

Sport

Joakim Wrele er tilbake på treningsfeltet på Høddvoll etter nokre månadar med alternativ trening. 30-åringen kan enno ikkje vere med på alt, men nærmar seg litt og litt å kunne trene som normalt, etter ein svært brå slutt på 2020-sesongen.