Måtte avlyse NM - håpar på ny sjanse i 2022

Måtte avlyse NM: Dimna IL, her representert med Arve Hatløy, skulle eigentleg arrangert innandørs-NM i friidrett no i februar, men etter ei utsetjing er meisterskapen no avlyst. Dimna IL håpar på ein ny sjanse til neste år.  

Sport

Det var ikkje veldig overraskande at det denne veka vart klart at årets innandørs-NM i Ulsteinvik vart avlyst. Då hadde NM allereie blitt utsett, men utsiktene til å få gjennomført meisterskapen har ikkje betre seg særleg sidan då.