Opnar for treningskampar

Den første månaden av oppkøyringa har Hødd halde til i Ulsmohallen. Frå 16. februar blir det opna for treningskampar og då nærmar det seg at laget får prøve seg på full bane igjen.  

Sport

Hødd skulle allereie ha spelt to gongar mot AaFK denne vinteren, men etter oppmoding frå Norges Fotballforbund vart begge kampane avlyste. Fredag ettermiddag skriv Eurosport at det vil bli opna for treningskampar og seinare har også fotballforbundet oppdatert sin protokoll for gjennomføring av fotballtrening for toppfotballen.