Har fått eit løft gjennom utvalsmodellen

Per Arve Moldskred, dagleg leiar i Hødd Fotball, meiner utvalsmodellen har vore svært viktig for administrasjonen i klubben. 

Sport

Under det årlege møtet i Hødd Fotball tysdag gjekk ein mellom anna gjennom årsmeldingar frå dei ulike utvala som har blitt oppretta dei siste åra. Arbeidet med å få på plass desse utvala har klubben brukt eit par år på. Anleggsutvalet var først ut, men seinare har ein også fått på plass sportslege utval for både topp- og breiddefotballen, kvalitetsklubbutval, økonomiutval og eit marknadsutval.