Treningsavgifta går opp i alle klasser

Under det årlege møtet i IL Hødd Fotball kom det fram at klubben vil auke treningsavgifta for alle laga. 

Sport

IL Hødd Fotball ser seg nøydde til å auke treningsavgifta for alle sine lag, frå 6-åringane og opp til rekruttlaga. For dei aller fleste betyr dette ein flat auke på 100 kroner samanlikna med 2021.