Sikra seg ok utgangspunkt etter tøff start

Fredrik Aursnes spelte heile kampen då Molde spelte 3-3 mot Hoffenheim i Europaligaen. Molde låg under 1-3 ved pause, men slo sterkt tilbake i den andre omgangen.   Foto: JOSE JORDAN/AFP/NTB

Sport

Molde har tatt seg heile vegen til 16.-delsfinalen i Europaligaen og torsdag møtte dei Bundesligalaget Hoffenheim i spanske Villarreal. Molde kunne ikkje spele kampen på heimebane grunna strenge koronarestriksjonar i Norge og har i staden flytta både treningar og kamp til Spania.