Hødd gjennomførte si første trening for året med 11 mot 11:

- Det er mykje spanande å byggje vidare på

Det sa Hødd-trenar Kevin Knappen etter å ha sett internoppgjeret på Høddvoll laurdag.

Jann Julian Benjaminsen var ein av dei som scora mål for det blå laget under internoppgjeret på Høddvoll laurdag.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

Etter scoringar signert Robin Hjelmeseth, Eirik Franke Saunes og Bendik Engen - var det til slutt blått lag som knepent sigra 3-2 over laget med oransje vestar. For det andre laget scora Jann Julian Benjaminsen og Ola Heltne Nilsen.