– For vår del er dette kjempespanande

IL Hødd Fotball og Puma har gått inn i ein utstyrsavtale som går over seks år.  

Sport

Det har vore kjent ei stund at Hødd Fotball har vore i ferd med å byte til ny utstyrsleverandør. Nyleg kom også skiltet med Puma opp ved spelartunnelen på Høddvoll og der skal det henge dei seks komande åra. Dermed kjem Hødd inn i same "familien" som mellom anna Manchester City, Borussia Dortmund, Lillestrøm og ikkje minst Karsten Warholm.