– Det blir frigjerande den dagen det opnar opp

Uroa: Ørjan Engen Grimstad meiner det er synd for dei unge og ambisiøse spelarane i breiddefotballen som ikkje får same moglegheitene til utvikling som jamaldringar i klubbar lenger opp i divisjonssystemet.  

Sport

Torsdag 25. februar var det akkurat eit år sidan Hareid IL slo Hasundgot IL 5–0 i ein treningskamp på Hasundgot stadion. I løpet av dette året har ikkje laget fått spelt eit einaste minutt fotball, verken treningskampar eller seriespel. Etter nedstenginga i mars i fjor vart seriestarten først utsett, deretter utsett igjen og seinare vart seriespelet avlyst.