– Tolmod er nøkkelen

Martin Mork Breivik fekk berre med seg to innhopp i serien for Hødd i 2020. Skader sette han ut av spel i lange periodar og i desember vart han operert for å få bukt med problema.  

Sport

Medan lagkameratane trener for fullt på Høddvoll, kan Oskar Johannes Løken og Martin Mork Breivik enn så lenge berre vere med på deler av treningane. Dei to utgjer den korte skadelista i Hødd-troppen på noverande tidspunkt, og har begge nokre veker igjen før dei kan vere med 100 prosent.