Årsmøtet i Hareid IL:

Vil ha på plass ny turnhall til 100-årsjubileet

Hareid IL hamna til slutt på eit godt resultat i 2020 – trass i utfordringane knytte til pandemien. No ønsker idrettslaget å få på plass ein ny turnhall i tid før 100-årsjubileet i desember neste år.

Ei enkel skisse av den tenkte turnhallen blei vist fram under årsmøtet i Hareid IL torsdag kveld. Her snakkar leiar i Hareid IL, Vegard Gjerde, om kva ein ønsker hallen skal innehalde.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

Torsdag kveld var det duka for årsmøte i Hareid Idrettslag i festsalen på klubbhuset. Med fokus på strenge smittevernreglar var det berre ti personar til stades, men fleire følgde med via nettet.