Sparebanken Møre blir med vidare som hovudsponsor:

– Veldig viktig for oss

Styreleiaren i Hasundgot IL legg ikkje skjul på at det har vore eit veldig utfordrande år sidan koronapandemien slo til for fullt i mars i fjor. Difor er det ekstra tryggande at hovudsponsoren no har forlenga avtalen sin med tre nye år.

Blir med vidare: Her held Eldar Overå i Hasundgot IL og Ellen Kvalsund, banksjef for personmarknaden i Sparebanken Møre i Ulsteinvik, kontrakten som stadfestar at sistnemnde aktør held fram som hovudsponsor i tre nye år. – Vi er enormt takksame for den viktige støtta vi har fått frå lokalbanken gjennom ei årrekkje, sa Eldar Overå til Vikebladet Vestposten under ein seanse på Hasundgot Stadion onsdag kveld.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

– Dette er verkeleg gledeleg, seier Eldar Overå.