– Viktig at vi får ein pust i bakken

Det er berre halvanna veke til Hødd skulle ha spelt sesongens første seriekamp. Slik blir det ikkje, då seriestarten er allereie er utsett til mai og kan bli flytta endå nærmare sommaren. 

Kevin Knappen fortel at Hødd trenar til og med torsdag, før spelarane får nokre dagar fri til kvile og restitusjon.  

Sport

På Høddvoll går likevel det meste stort sett som normalt. A-laget held fram treningane til og med skjærtorsdag, før dei får nokre kviledagar i påskehelga.