Nytt trimtilbod: Vil gjere det gøyare for dei yngste å gå på tur

Nytt tilbod:Første mai startar Trimgruppa i IL Hødd opp det nye tilbodet Juniortrim der leik og aktivitet skal gjere det kjekkare for borna å vere med dei vaksne på tur. Opplegget omfattar i alt 10 postar rundt om i kommunen, Vollesanden er ein av stadane. T.v. Arne Flatin i trimgruppa og t.h. Ole-Terje Sukka som har utarbeidd konseptet i samarbeide med mellom andre borna Sunniva og Håvard.  

Sport

Det er ikkje alltid borna synest det er like kjekt å gå på tur som dei vaksne. Det har trimgruppa i IL Hødd tenkt å gjere noko med.