To Hødd-spelarar til digital samling

Ørn Flø og Madelen Eid, begge frå Hødd, er tatt ut til ei digital samling med G16- og J16-landslaga.   Foto: Lønne Studio

Sport

Torsdag 15. april gjennomfører Norges Fotballforbund ei digital samling med 130 av dei beste spelarane frå 2005-årgangen på både gute- og jentesida. Forbundet kan ikkje gjennomføre ei fysisk samling denne våren som følgje av koronapandemien, men ein startar likevel arbeidet inn mot EM for J17 og G17-landslaga i mai 2022.