Endeleg konkurranseklar - no skal Edel Charlotte til EM

Edel Charlotte Eiken Fosse går på Wang Toppidrett i Oslo og turnar for Oslo Turnforening. No er ho klar for EM med det norske landslaget.   Foto: Linda Eikrem

Sport

Etter eit svært spesielt turnår kan Edel Charlotte Eiken Fosse endeleg sjå fram til skikkeleg konkurranse. Komande veke reiser ho til Sveits for å ta del i turn-EM i Basel.