– Temmeleg heldige som får trene for fullt

Hødd skulle i utgangspunktet serieopne 10.april, men seriestarten i 2.-divisjon er flytta og no håper ein på å kome i gang i byrjinga av juni. Likevel meiner Peder Nersveen Hødd er temmeleg heldige som faktisk får trene som normalt. Slik har det ikkje vore for alle klubbane i 2.-divisjon.  

Sport

Ti dagar etter den opphavlege datoen for seriestart i 2.-divisjon er det framleis uvisst når Hødd og deira divisjonskollegaer får klarsignal for oppstart. Medan Eliteserie- og Obosliga-laga fekk så smått starte med treningskampar i helga som var, må Peder Nersveen og lagkameratane på Høddvoll vente endå ei stund.