Flyttar NM til september

NM-troppen frå Dimna IL under NM på Hamar i 2019. Årets NM var planlagt til august, men er no flytta til september. Det skal gå i Kristiansand.  

Sport

Norges Friidrettsforbund har bestemt seg for å utsette årets utandørs-NM frå 13. til 15. august. Meisterskapet skal arrangerast i Kristiansand og blir no i staden gjennomført 10. til 12. september, melder friidrettsforbundet på sine nettsider.

– På grunn av covid-19-pandemien har det blitt, og vil framleis kunne bli, endringar på den internasjonale terminlista. Då NFIF fastsette meisterskapen i Kristiansand, var det også på ein dato som ikkje var blant dei World Athletics hadde sett av til nasjonale meisterskap i 2021. Dette var datoar i juni som passa dårleg inn i vår nasjonale kalender. Men endringane i den internasjonale terminlista på grunn av covid-19 pandemien har ført til at World Athletics no ikkje godtar vår opphavlege dato for meisterskapen sidan det forventast at våre beste utøvarar har anledning til å delta på Wanda Diamond League-stemna, seier generalsekretær Kjetil Hildeskor i NFIF til forbundet sine nettsider.

Til desse internasjonale stemna kan til dømes ein utøvar som Karsten Warholm vere høgaktuell.

Årets innandørs-NM skulle blitt arrangert av Dimna IL i Ulsteinhallen, men vart først utset og deretter avlyst som følgje av koronapandemien. I tillegg måtte elitestemnet Karsten Warholm International avlysast og innandørssesongen vart difor temmeleg amputert. No byrjar det å nærme seg starten på utandørssesongen, men også der påverkar koronasituasjonen ein del av aktivitetane. Bislett Games går vanlegvis tidleg i juni, men er no i staden flytta til tidleg i juli.