Stadfestar Hareid-løpet

Frå venstre: Grunnleggar og deltakar på halvmaraton Dag Harald Moldskred, deltakar på 10 km, Anders Hjelle Øiestad og grunnleggar og deltakar dersom han blir skadefri, Einar Orten Trovåg. Foto: Hareid IL/O.K.Vattøy 

Sport

Det blir uoffisielt halvmaraton på Hareid 8. mai. Det er gladmeldinga frå Hareid IL torsdag. Arrangørane har for enkelheits skuld valt å kalle løpet Hareid-løpet, noko som passar godt sidan det berre er innbyggjarar frå Hareid kommune som kan delta.

Dermed blir det truleg også det mest eksklusive langløpet som har blitt arrangert i kommunen, meiner arrangørane.


Halvmaraton på Hareid 8. mai?

- Bli med du også


For at det skulle bli aktuelt med løp, måtte ein få på plass eit minimum med deltakarar. Det har lukkast og torsdag var det 15 personar som hadde meldt seg på. Av dei er det ni som skal springe halvmaraton og tre som skal springe 10 kilometer. Dei tre siste har så langt ikkje bestemt seg for distanse.

Det betyr at det er plass til nokre deltakarar til, men ikkje så altfor mange, for maksgrensa går på 20 og det er difor førstemann- og dame til mølla, melder arrangørane.

Både start og målgang blir på "loket" i Hareid sentrum. Ifølgje arrangørane går halvmaratonløypa via kyrkja, Kvitholen (Grimstadvatnet rundt-traseen), Røyset og Holesanden før den snur på Nesset. 10 km-løypa snur på Røyset. Det vil bli merka kvar ein snur, men ikkje elles. Det blir trafikkvakter ved kyrkja og i Vabakk-krysset, heiter det frå Hareid IL. Meir informasjon på arrangementet til Hareid IL