Arrangerte pop-up cup i Ulstein Arena

Søndag arrangerte Hødd Handball pop-up cup i Ulstein Arena. Dermed fekk fleire av laga i klubben spele kampar for første gong sidan før jul.  

Sport

Handballsesongen 2020/21 vart svært amputert og sidan desember har ikkje Hødd sine lag fått spelt ein einaste kamp. Søndag vart det endring på dette, då handballgruppa arrangerte pop-up cup for Hødd sine lag frå 11 år og oppover.