Debuterte for AaFK

Christian Mork Breivik fekk søndag sitt første innhopp for AaFK. Han spelte siste kvarteret då AaFK slo Stjørdals-Blink 3-1 i ein treningskamp på Color Line Stadion.  

Sport

Christian Mork Breivik frå Hareid fekk søndag sine første minutt for A-laget til AaFK i ein treningskamp mot Stjørdals-Blink. Mork Breivik kom inn på stillinga 3–0 då det stod att om lag 15 minutt. AaFK vann til slutt kampen 3–1.

Ungguten som blir 17 til sommaren melde overgang frå Hareid IL til AaFK i fjor. Han er yngre bror av Martin Mork Breivik som spelar i Hødd og Håvard Mork Breivik, som er lånt ut frå AaFK til Brattvåg denne sesongen.

Christian Mork Breivik var også på benken for AaFK i årets første treningskamp, då Sogndal vart slått 1-0, men då kom han ikkje på banen.