Venta på ein ny sjanse – så kom Hødd på bana:

– Eg har verkeleg fått ein ny sjanse her

Paul-Henri Moussinga Mouasso (23) signerte for Hødd like før Norge stengde ned på grunn av koronapandemien. Det har vore eit spesielt år – men han angrar ikkje på at han reiste til Ulsteinvik.

Likar seg i Ulsteinvik: Den fransk-kamerunske 23-åringen Paul-Henri Moussinga Mouasso er ein av midtbanekrigarane til Hødd. Han meiner fasilitetane til dei blåkvite tilseier at klubben bør ligge på eit høgare nivå i norsk fotball – og det ønsker han gjerne å hjelpe til med å realisere. Paul-Henri likar seg godt i Ulsteinvik, omgitt av fantastisk natur og ei roleg, bedageleg livsrytme.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

– Eg har verkeleg fått ein ny start her i Hødd. Det er eit fantastisk fellesskap å få vere ein del av, og vi ønsker alle å vinne fotballkampar og spele god fotball. Det merkast at det er ein god vinnarkultur i Hødd, seier Paul-Henri Moussinga Mouasso til Vikebladet Vestposten.