Kjem klarsignalet onsdag?

Hødd-spelarane trente som normalt tysdag ettermiddag. Klubbane i 2.-divisjon håper no på positive svar under regjeringa si pressekonferanse onsdag og at ein kanskje får ein dato for oppstart.  

Sport

Oppstarten for Hødd sin del har allereie blitt utsett fleire gongar. Planlagde treningskampar har blitt avlyst og ein månad før den planlagde seriestarten i 2.-divisjon er det framleis ikkje sikkert når det blir gitt klarsignal for treningskampar.