– Vi gler oss

Fornøgd: Per Arve Moldskred, dagleg leiar i Hødd, er glad for at klubbane i 2.-divisjon har fått ein dato for oppstart og kan sjå fram mot seriestart i juni. Foto: Andreas Bjerknes/Arkiv 

Sport

Onsdag kom den endelege stadfestinga på at dei to øvste divisjonane for menn og kvinner i norsk fotball kan starte seriespelet som planlagt. For 2.-divisjon menn og Hødd kom det ikkje så mykje informasjon under regjeringa si pressekonferanse, men etter ein kveld med møteverksemd har Per Arve Moldskred, dagleg leiar i Hødd, gode nyhende å kome med.