Avis melder om Hødd på Viking-raid

Sport

Stavanger Aftenblad skriv onsdag at Viking sender to unggutar på lån til Hødd. Det gjeld Vebjørn Hagen og Lars Erik Sødal, ein venstreback på 17 og ein midtbanespelar på 18. Stavanger Aftenblad skriv at begge har trent med A-laget til Viking i oppkøyringa til årets Eliteseriesesong, men at begge er eit stykke unna spel i Eliteserien.