Tre treningskampar før seriestart

Fekk klarsignal: Fredag fekk laga i 2.-divisjon grønt lys for å starte med treningskampar frå 27. mai. Hødd skal spele tre treningskampar før seriestart, der generalprøven går heime på Høddvoll.  

Sport

Fredag fekk Hødd og dei andre laga i 2.-divisjon det endelege klarsignalet frå regjeringa om at dei kan sette i gang med treningskampar frå torsdag 27. mai. Under si pressekonferanse fredag stadfesta også statsminister Erna Solberg at det då kan leggast opp til seriestart tre veker seinare. Norges Fotballforbund har planlagt med seriestart for Hødd 20. juni.