Tatt ut på landslaget

Vidare: Fredrik Aursnes spelte heile kampen då Molde tok seg vidare til tredje kvalifiseringsrunde i Champions League.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Onsdag tok landslagssjef Ståle Solbakken ut troppen til to privatlandskampar i byrjinga i juni.

Der fekk Fredrik Aursnes si første innkalling til ein senior-landslagstropp. Norge skal møte Luxembourg og Hellas i Malaga i løpet av første veka av juni.

Før uttaket har det vore usikkert om Eliteseriespelarane kunne ta del på grunn av innreise

– Dei er med fordi dei har fortent det og fordi eg og Lise Klaveness har hatt god dialog med Abid Raja og at vi har fått lovnader om at spelarane får unntak frå karantenereglane, men at vi sjølvsagt tek dette på endå større alvor og at dei blir køyrt inn i eit regime når dei kjem heim, fortalde landslagssjefen under pressekonferansen.

Aursnes har vore svært sentral for Molde over tid og mange har meint at midtbanespelaren burde få sjansen, og no er altså 25-åringen for Hareid med i landslagssjefen sine planar.

– Aursnes har ligge i vasskorpa lenge og har klart seg bra både i Eliteserien og europeiske kampar for Molde. Det er kanskje den posisjonen der det er tøffast konkurranse, sa Solbakken.

Aursnes har tidlegare spelt 14 U21-landslagskampar for Norge, men dette er første gongen har får vere med i ein seniorlandslagstropp.