Tok avsparket for fotballgolf

Avdelingsbanksjef i Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Lillian Kleven Breivik, og styremedlem i Sunnmøre Golfklubb, Frode Gjerde, klipte snora, medan primus motor Anders Mork stod for nedtellinga før avklipp.  Foto: Jorulf Myrene

Sport

Mange har allereie prøvd seg som fotballgolfarar dei siste to vekene, etter at det nye anlegget stod klart til bruk, men laurdag vart det nye fotballgolf-anlegget ved Sunnmøre Golfklubb si bane i Hovdemyrane offisielt opna. Det skjedde ved høgtideleg snorklipping og påfølgjande avspark og turnering.