No kan klubbane møtast på tvers av kommunegrensene

Ordførarane på Søre Sunnmøre har kome med positiv melding om treningskampar på tvers av kommunegrensene for barn og unge.  

Sport

Måndag har ordførarane på Søre Sunnmøre hatt oppe til diskusjon eit innspel frå Sunnmøre Fotballkrets om tolking av nasjonale retningslinjer for barn og unge under 20 år og deira moglegheit til å spele fotballkampar mot lag i andre kommunar.