Planlegg nytt løp på Hareid

Hareid IL er i gang med planlegginga av ei stadionmil for mosjonistar på Hareid stadion.

5. august satsar Hareid IL på å arrangere eit nytt løp på Hareid stadion. Det blir ein 10 000 meter, der målgruppa er mosjonistar.   Foto: Hareid IL

Sport

"Det har lenge vore ønske om ein 10 000-meter på Hareid stadion. No ser det ut som sjansen endeleg er her. Hareid IL har sett av kvelden 5. august", melder Hareid IL.

Dei vil kome tilbake til nærare detaljar om løpet, men ser føre seg eit lite stemne med stort konkurranseinstinkt. Hareid IL legg til at dette til dømes kan vere ei fin gjennomkøyring før Nordvest Maraton, som blir arrangert 16 dagar seinare.

"Inntil vidare blir aktuelle deltakarar oppmoda om å setje av datoen. Så blir det lagt opp til ein offisiell påmeldingsrunde mellom 26. juli og 1. august. Følg med på Hareid IL på Facebook", heiter det frå Hareid IL.

På noerande tidspunkt er det ikkje klart om det blir deltakaravgift for å ta del i løpet, men Hareid IL slår fast at om det blir avgift så blir den lita. Dei vil også kome tilbake med meir informasjon knytt til løpet før dei opnar for påmelding.

Også i fjor arrangerte Hareid IL eit nytt løp på Hareid stadion, men då ein 5000 meter. Der deltok mellom anna Ådne Andersen og fleire andre sterke løparar. Hareid IL melder at det no er mosjonistane som er målgruppa for 10 000-meteren.

"Dette løpet har blitt til etter ønske frå ei handfull løparar frå Vanylven, Kinn og Hareid. Ein ser for seg minimum 10 deltakarar. Om meir enn 20 ønskjer å delta vil ein dele inn i fleire heat", går det fram frå Hareid IL.