Talet på aktive friidrettsutøvarar i Hareid IL aukar:

Arrangerte det første stemnet på fleire år

Med i overkant av 100 aktive utøvarar har Hareid IL Friidrett opplevd ein god auke. Onsdag arrangerte klubben sitt første friidrettsstemne på heimebane på fleire år.

Lengdehopp: Erle Grimstad Kirkebø i svevet under lengdeøvinga på Hareid stadion onsdag ettermiddag. Ho og mange andre utøvarar i friidrettsgruppa konkurrerte i ulike øvingar under karusellstemnet.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Sport

- Det må ikkje bli like lenge til neste gong vi gjer dette, sa Trine Pilskog til Vikebladet Vestposten under friidrettsstemnet på Hareid stadion.