Inviterer til fotballskule i sommarferien

Andre veka i august arrangerer Hareid IL Tine fotballskule for barn frå 6 til 12 år.   Foto: Erik K. Heimdal/Arkiv

Sport

Frå 9. til 12. august (veke 32) inviterer Hareid IL til Tine fotballskule for barn i alderen 6 til 12 år.

Fotballskulen går over fire timar kvar av dei fire dagane, der barna som deltek får servert lunsj kvar dag.

Ola Kalvø Vattøy, dagleg leiar i Hareid IL, fortel at det ikkje er naudsynt å vere medlem i idrettslaget for å kunne ta del under fotballskulen.