Framleis tøft for Eid og Sogndal

På niandeplass etter 10 av 30 kampar.

Daniel Eid er ein fast brikke for Sogndal, men laget har ikkje fått det heilt til å stemme så langt denne sesongen og er på ein niandeplass i Obosligaen etter ti kampar.  

Sport

Måndag fekk Sogndal berre med seg eitt poeng frå heimekampen mot Strømmen i Obosligaen. Laget var blant førehandsfavorittane i avdelinga, men så langt har det blitt ein vanskeleg sesong for Daniel Eid og lagkameratane.