Karsten vann i Monaco

Karsten Warholm var først i mål på 400 meter hekk i Monaco.  Foto: GONZALO FUENTES, Reuters

Sport

Karsten Warholm sprang 400 meter på tida 47.07 under Diamond League-stemnet i Monaco fredag kveld.

Dimna-utøvaren var favoritt før løpet, sidan han var den einaste i feltet som har sprunge distansen på under 47 sekund.

Dette var siste konkurransen før OL i Tokyo.

1. juli sette Warholm ny verdsrekord på 400 meter hekk med tida 46,70 på Bislett.


Sist veke sprang Karsten inn til verdsrekord på langhekken. Fredag er han tilbake i startblokka

Torsdag 1. juli vart ein merkedag for norsk idrett, friidrett og ikkje minst for Karsten Warholm, Dimna IL og Ulstein kommune.