Til Monaco med fersk verdsrekord

Torsdag 1. juli vart ein merkedag for norsk idrett, friidrett og ikkje minst for Karsten Warholm, Dimna IL og Ulstein kommune.

Verdsrekord: Karsten Warholm kan juble for verdsrekord på 400 meter hekk. Under Bislett Games sprang Warholm inn til 46,70 og sletta Kevin Young sin rekord som har stått heilt sidan 1992. Foto: Fredrik Hagen / NTB 

Sport

Forventningane var høge før Karsten Warholm sin sesongdebut på 400 meter hekk under Bislett Games sist veke. 25-åringen innfridde på alle måtar og forbetra verdsrekorden på distansen frå 46,78 til 46,70. Då Hadde Kevin Young sin rekord stått heilt sidan 1992.