– Då eg signerte så lovde han meg dei beste skoa i verda

Karsten Warholm og Leif Olav Alnes har vore sentrale i utviklinga av verdsrekordhaldaren sine nye løpssko.

Karsten Warholm og Leif Olav Alnes vart intervjua av den tidlegare hekkeløparen Colin Jackson under presentasjonen av Puma sitt Puma Faster +prosjekt.   Foto: Skjermdump

Sport

Måndag ettermiddag tok både Karsten Warholm og trenar Leif Olav Alnes del i eit virtuelt mediemøte med Warholm sin utstyrssponsor Puma. Der fortalde Puma om det nye Puma Faster +-programmet sitt og samarbeidet med Mercedes AMG Petronas sitt Formel 1-team om Puma sine nyaste friidrettssko.