Slik var runden:

Hødd og Alta framleis utan tap

Magnus Bruun-Hanssen scora sitt første mål for Hødd då dei blåkvite vann 3-0 over Kvik Halden på Høddvoll søndag.   Foto: Per Werkland.

Sport

Hødd leverte varene heime på Høddvoll søndag og vann 3–0 over Kvik Halden. Måla kom først etter pause, men med sigeren fekk Hødd låne tabelltoppen fram til Kongsvinger var ferdig med sin kamp nokre timar seinare.


Hødd er serieleiar etter heimesiger

Heimelaget måtte ha 57 minutt på seg til å få ballen i mål mot Kvik Halden på Høddvoll. Men då losna det også skikkeleg.


Kongsvinger gjorde jobben heime mot botnlaget Florø og kraup dermed forbi Hødd med sine 15 mot Hødd sine 14 poeng.

Så langt er det fire lag i avdelinga som har stukke seg litt ut i toppen. Asker toppa avdelinga før denne runden, men vart slått av Alta på Føyka i Asker og dermed vart Asker passert av både Alta, Hødd og Kongsvinger.

Av topplaga er det så langt berre Hødd og Alta som står utan tap, begge med 14 poeng og poenget bak Kongsvinger. Asker har 13 poeng og to ned til Tromsdalen på femte.

Runde 6:

Tromsdalen – Eidsvold TF 2–1

Hødd – Kvik Halden 3–0

Asker – Alta 1–2

Brattvåg – Fløya (Utsett)

Kongsvinger – Florø 4–0

Moss – Bærum 2–2

Vålerenga 2 – Senja blir spelt måndag.





Neste runde:

Senja – Bærum, Alta – Brattvåg, Hødd – Moss, Kvik Halden – Eidsvold TF, Tromsdalen – Kongsvinger, Florø – Fløya, Asker – Vålerenga 2.