- Tek ikkje omsyn til at dei er utan tap siste fire

Laurdag ettermiddag tek Hødd i mot Moss til dyst på Høddvoll.

Robin Hjelmeseth kom inn mot Kvik Halden og sementerte resultatet til 3-0. Laurdag ventar Moss på heimebane.   Foto: Per Werkland

Sport

3–0 sigeren over Kvik Halden førre serierunde sende Hødd opp på andreplass, eit poeng bak serieleiar Kongsvinger. På heimebane har dei blåkvite skåra sju og sleppt inn berre eit mål på tre kampar så langt.