Eid avgjorde for Sogndal

Medan Fredrik Aursnes og Molde måtte ta til takke med uavgjort.

Daniel Eid stod for kampens einaste scoring då Sogndal slo Grorud 1-0 på Fosshaugane Campus laurdag.   Foto: Andreas Bjerknes

Sport

Det såg ut til å gå mot tre poeng for serieleiarane frå Molde borte mot Lillestrøm søndag. Etzaz Hussain gav bortelaget leiinga tre minutt før pause og dette resultatet stod seg til ein hadde passert 90 minutt på Åråsen. Men då dukka Lars Ranger opp og sørga for 1–1 og dermed poengdeling.