Herd - Hødd 0 - 2:

Løken-dobbel avgjorde for Hødd

Endeleg var det duka for spel i Noregsmeisterskapet for herrer igjen. Hødd fekk god kamp frå Herd, men tok seg greit vidare.

INNMARSJ: Hødd tok turen til AMFI Moa Stadion for å møte Herd i 1. runde i NM.  Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Sport

Etter førre seriekamp mot Florø, stadfesta Kevin Knappen at der kom til å kome ein del endringar på laget til cupkampen mot Herd. Det vart også faktum då spelarane sprang ut på AMFI Moa Stadion laurdag ettermiddag. Berre Joakim Wrele, Jann Julin Benjaminsen og Robin Hjelmeseth var igjen frå laget som slo Florø 4–1.