– Eg trur dette blir eit fyrverkeri av ein kamp

Håkon Bjørdal Leine har spelt over fem år i Brattvåg, men aldri spelt mot klubben. Det skjer truleg onsdag, når Hødd tek imot Brattvåg til lokaloppgjer på Høddvoll.  

Sport

Det vekslar raskt mellom cup- og seriekampar for Hødd denne perioden. Etter 3–0 sigeren over Herd laurdag er Brattvåg motstandar på Høddvoll onsdag. Då skal alle tankar på at Molde ventar i NM til helga leggast vekk.