Lokaloppgjer i Hareid si generalprøve

Torsdag tek Hareid imot Hødd-rekruttane til treningskamp på Hareid stadion. For Hareid sin del blir dette siste treningskampen før sesongstarten i august.

Ruben-Kenneth Brandal var med på treningskampen mot Hovdebygda og på trening tysdag, men melder at toppforma er eit stykke unna etter mange månadar utan fotball. Her i duell med Gabriel Olav Peterson. 

Sport

Etter 21 månadar utan teljande fotballkampar byrjar det endeleg å nærme seg seriestart i 4.-divisjon. Hareid opnar sesongen med heimekamp mot Rollon 13. august.