Treningskamp: Hareid - Hødd II 0-3

Grei siger for Hødd 2

Det var varmt på Hareid stadion under treningskampen mellom Hareid og Hødd 2 og mange spelarar måtte ta telling i løpet av kampen. Her er det målscorar Andreas Televik som får hjelp frå Andreas Nesset og Fredrik Dimmen Gjerde til å tøye ut krampe. Sjå stor biletserie frå kampen i botnen av saka.  

Sport

Hødd sitt unge rekruttlag vart eit par hakk for sterke for Hareid på ei stroken grasmatte på Hareid stadion torsdag.